Ny bok frå Stangnes

Helge Stangnes Foto: Tor Vadseth

Helge Stangnes Foto: Tor Vadseth

Helge Stangnes lanserer ny bok på biblioteket tysdag 10. desember kl 18.00:

Elektriskgjerdet og ti andre historier

Frå den populære forfattaren og diktaren Helge Stangnes kjem no elleve historier der han med humor og innleving fortel om ”han Arnulf og eg”, to gutar som veks opp i nordnorsk fiskarbondemiljø på 1940-talet.

På lanseringa vil forfattaren lese og fortelje frå boka. Det vil også bli musikalske innslag og sal av bøker.

Om Elektriskgjerdet og ti andre historier:
– Mange av historiene i boka har stått på trykk før, men er no samla mellom to permar. Dei eldste skriv seg frå 1970-talet. Dei yngste frå perioden 2010 – 2013. Nesten alle har ein sjølvopplevd kjerne, men er tildikta såpass mykje at lokalkjente folk sør på Senja lett vil kunne avsløre meg som ein veritabel storlygar. Han Arnulf, som figurerer som ”medskyldig” i mykje av det som blir fortalt, er ein nabo og barndomskamerat.
Den litterære verdien får lesarane sjølv vurdere, men eg håper uansett at forteljingane kan ha sin verdi som tidsbilde. Mykje har forandra seg sidan oppveksten på ein nordnorsk fiskarbondegard på 1940- og 50-talet, seier Helge Stangnes.

Om forfattaren:
Helge Stangnes er fødd på Senja, men har budd i Tromsø frå 1960. Visene og dikta til Helge Stangnes er blitt svært populære. Han debuterte med samlinga Lys langs en fjord i 1992, og har seinare gitt ut Landet og lyset i 1996, Frø i vind i 2003 og Vintersang i 2011. Vintersang er framleis å få tak i.

Gratis inngang. Velkommen!

Arrangementet er eit samarbeid mellom forfattaren, Nordkalottforlaget og Tromsø bibliotek og byarkiv.

Elektriskgjerdet

Advertisements


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s